Personvernerklæring for Rapportering
Rapportering er ei løysing som gjer at kvar kommune enkelt kan rapportere sine utfordringar rundt Covid-19. Kommunane skal rapportere tal behandlingstrengande, kapasitet, tilgang på helsepersonell, smittevernutstyr og legemiddel, tenestetilbod til sårbare grupper, samhandling med RHF/HF, vurdering av risikonivå og smitteverntiltak og utfordringar.
Føremålet med å samle inn personopplysingar
Årsaka til at vi samlar inn og behandlar opplysningar om deg er at:
- Du besøker ein av nettstadene våre
- Du har logga inn i den digitale tenesta vår
Behandlingsansvarleg
Rapportering er eigd av Statsforvaltarens Fellestenester (STAF) og er ansvarleg for all behandling av personopplysningar. STAF er databehandlar. Vi bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast. På vegne av Helsedirektoratet (Hdir) utviklar og driftar vi Rapportering, medan Hdir er ansvarlege for innhaldet.
Kvart enkelt Statsforvaltarembete, ved statsforvalteren personleg, er behandlingsansvarleg for alle behandlingar av personopplysningar. Behandlingsansvarleg bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast. Oppfølginga av ansvaret er delegert til fleire i organisasjonen. Delegeringa omfattar berre oppgåvene og ikkje ansvaret.
Behandlingsgrunnlag
For at Statsforvaltaren skal kunne bruke personopplysningane dine må vi ha eit behandlingsgrunnlag, som er det same som rettsleg grunnlag. Det rettslege grunnlaget er anten heimel i lov eller forskrift, eller det kan vere eit frivillig, tydeleg og opplyst samtykke frå den personen som vi behandlar opplysningar om.
Behandlingsgrunnlaget vårt er som regel at vi har løyve til å behandle dei personopplysningane vi treng for å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt. Dette er heimla i personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav e, artikkel 57 og artikkel 58 og forvaltningslova paragraf 17.
Samtykke
Ved å logge inn i den digitale løysinga vår godtek du at vi behandlar personopplysningane dine i tråd med denne personvernerklæringa. For nokre tenester må du krysse av for at du samtykker før du kan ta i bruk den digitale løysinga.
Kva personopplysningar behandlar vi?
Dersom du loggar inn på portalen, eller du forsøker å logge inn på portalen, blir det lagra personopplysningar om deg. Tilsette i kommunane, helsemyndigheiter, hos Statsforvaltaren eller Statsforvaltarens fellestenester som skal leggje inn eller redigere informasjonen på portalen, må logge inn. Alle desse får tildelt ei rolle som gir tilgang til å publisere informasjon på portalen.
Også andre kan forsøke å logge inn, men vil i praksis ikkje kunne søkje å få tildelt ei rolle. Det vil vere synleg for Statsforvaltarens fellestenester kven som har prøvd å logge seg inn på portalen.
Det er to måtar å logge seg på portalen:
- med ID-porten
- som tilsett hos Statsforvaltaren
Dette er personopplysningane vi behandlar i denne sakstypen:
- namn
- telefon, arbeid
- e-post, arbeid
Korleis lagrar vi personopplysningane?
Personopplysningane som vi brukar, blir lagra i desse systema:
- skytenester
- saksbehandlingssystem/ePhorte
- skjemaløysingar
Kor lenge blir opplysningane lagra?
Statsforvaltaren har som statleg organ arkiveringsplikt for saksdokumenta våre. Opplysningar vi treng til saksbehandlinga blir arkivert i arkivløysinga vår etter gjeldande reglar. Kor lenge dokumentasjonen blir lagra, er regulert av reglane i arkivlova og ei rekkje andre lover og reglar.
Informasjonskapslar (cookies)
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina når du opnar ei nettside. Statsforvalteren brukar informasjonskapslar til to formål:
- For at ulike tenester på nettsida skal fungere
- For å kunne tilby skjemafunksjonalitet
Informasjonskapslar som blir brukt for denne tenesta:
- FedAuth
- ASP.NET_SessionId
Du kan blokkere og tillate informasjonskapslar via innstillingane i nettlesaren. Les meir om korleis du kan gjere dette på Nettvett.no.
Rettane dine
Personopplysningar om deg er dine eigne, og personopplysningslova gir deg mange rettar slik at du skal kunne verne om dine eigne personopplysningar.
- Du kan be om ein kopi av alle opplysningane vi har om deg
- Du kan be oss rette eller supplere opplysningar som er feil eller misvisande
- I bestemte tilfelle kan du be oss slette opplysningar om deg sjølv
- I nokre tilfelle kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg, eller du kan protestere mot at vi behandlar opplysningar om deg
- Du kan klage på behandlinga vår av personopplysningar
- Dersom vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i oppgåvene våre eller fordi det er nødvendig for å ivareta legitime interesser, har du rett til å protestere på behandlinga av opplysningar om deg
Dersom du har spørsmål om dette kan du kontakte oss på e-post
Kontakt personvernombodet
Statsforvalteren har eit eige personvernombod du kan kontakte dersom du har spørsmål om korleis Statsforvalteren behandlar personopplysningar om deg, eller du treng hjelp i samband med dei rettane det utløyser for deg at vi behandlar personopplysningane dine. Personvernombodet har teieplikt. Du kan kontakte personvernombodet via e-postadressa personvernombudet@fylkesmannen.no.
Du kan også lese meir om rettane dine på nettstaden til Datatilsynet.
Du kan klage på behandlinga av personopplysningar
Vi oppmodar deg til å ta kontakt med oss dersom du meiner at vi bryt reglane i personopplysningslova. I første omgang kan du gjerne seie frå gjennom den kontakten eller kanalen du alt har etablert med oss. Du kan også kontakte personvernombodet vårt for å få råd og rettleiing. Personvernombodet har teieplikt og du kan be vedkommande ikkje ta saka vidare dersom du ønskjer det.
Du kan også klage på behandlinga av personopplysningar. Send klagen til Statsforvaltaren som behandlar saka din anten via sikker melding eller i brevs form. Dersom vi ikkje gir deg medhald i klagen, sender vi klagen din vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.